Stavanger Aftenblad: 'Konspirasjonsteoriar er djupt menneskelege'

“…Før Rose kom så langt, hadde Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås innleia om korleis konspirasjonsteoriar er underbelyste i det offentlege ordskiftet. Han trur noko av grunnen er at teoriane er såpass ville at seriøse akademikarar og politikarar bare ristar på hovudet og ikkje tek dei alvorleg.
- Men teoriane lever og blomstrar som aldri før. Dette er ikkje eit marginalt fenomen, men noko som må takast på alvor og diskuterast, sa Åmås, som ikkje syns det er rart at konspirasjonsteoriane vekkjer interesse.
- Dei er ei blanding av blodig alvor og god underhaldning. Er det noko me treng i ei ugjennomtrengeleg tid, er det analysar som får ting til å hengja saman. Men det er nesten umulig å diskutera konspirasjonsteoriar med konspirasjonsteoretikarar, for alt du seier blir teke til inntekt for at dei har rett i at det eksisterer ein konspirasjon, sa Åmås.”
Læs mere